Bergen: Demonstrasjon for Sudan

Skriven av aktivistar i Bergen

Den 1. november deltok aktivistar på ein demonstrasjon for Sudan arrangert av det sudanske miljøet i Bergen.

Tross regn og vind hadde fleire titalls personar møtt opp for å vise støtta si til det sudanske folket. Det blei ropt slagord gjennom heile demonstrasjonen. Nokon av dei som blei ropt opp var “Stop the war in Sudan!”, “Hjelp kvinner i Sudan!” og “What do we want? Peace! Peace! When do we want it? Now! Now!”. 

Det var også fleire som hadde teke med seg plakatar til demonstrasjonen. Ein av plakatane anklaga dei Forente arabiske emiratane for å begå folkemord i Sudan. Fleire imperialistar og deira lakeiar har blanda seg inn i konflikten for eiga vinning. Yankee-imperialismen har tette bånd med både Egypt og Emiratane, som stør ulike sider i konflikten. På denne måten kan imperialistane sørge for at dei sikrar påverknaden og makta si, uansett kven som vinn den interne rivaliseringa i landet. 

Doner til Kampkomiteen