Skriven av aktivistar i Bergen
I september har Kampkomiteen deltatt på ein demonstrasjon til støtte for Palestina og vore med å arrangere eit ope møte om politiets represjon mot palestinaaktivistar.
Den 22. oktober hengte aktivistar frå både Kampkomiteen og Bergen4Palestine plakatar for eit ope møte om politiets repressjon mot palestinaaktivistar. Plakatar blei hengt opp i Bergen sentrum, Universitets Høyden og Møhlenpris.


Den 26. oktober deltok aktivistar på Fredsmarsjen for Palestina. Den markerte at det var 2 år sidan Israels bakkeinvasjon av Gazastripa. Marsjen vart arrangert av Palestinakomiteen i Bergen, Kvinneligaen for Fred og Frihet, LO I Bergen og omland, Arbeiderpartiet i Bergen, Bergen SV, Rødt Bergen, Bergen SU, Bergen MDG og Norsk Folkehjelp. Og hadde fleire andre organsisjonar tilslutta. Marsjen byrja ved Nygårdsparken og så gjekk rundt vatnet og over småpudden. Den gjekk deretter vidare opp til Universitetsmuseet og avslutta på Torgallmenningen.
Før marsjen stod Kampkomiteen-aktivistar med eit banner med teksten “Stop politiet og PSTs forfølgelse av palestinaaktivister!”. Både før og i løpet av marsjen så delte aktivistar saman med Bergen4Palestine ut løpesedlar som oppfordra folk til å komme på det opne møte om politiets represjon mot palestinaaktivistar. Mange tok gladeleg imot løpesedlane og fleire var interessert i å høyre om de 22 arrestasjonane i forbindelse med demonstrasjonen mot landkampen mellom Noreg og Israel.


Den 28. oktober arrangerte Kampkomiteen og Bergen4Palestine eit ope møte om politiets repressjon mot palestinaaktivistar i Noreg. I lokalet var både AIL-flaget hengt opp og eit banner med teksten “Stop politiet og PSTs forfølgelse av palestinaaktivister!”.
Ved starten av det opne møtet vart det ropt slagord til støtte for den palestinske motstandskampen. Deretter hadde Kampkomiteen ein presentasjon om demonstrasjonen mot landskampen den 11. okt mellom Noreg og Israel. Kva som skjedde der og den store repressjonen frå politiet mot ein lovleg demonstrasjon.
Det blei vektlagt at i motsetning til løgnene som politiet har spredt i borgarlege medier, at dei som deltok i demonstrasjonen verken høyrte noko pålegg eller kasta stein mot politiet. Demonstrasjon var lovleg, men avslørte norsk imperialisme si innblanding i folkemordet og sitt normaliseringsforsøk med den sionistiske staten. Det var på dette grunnlaget politiet valte å kalkulert angripe demonstrasjonen kort tid før kampen var over og arrestere så mange personar dei fekk takk i, uansett om dei var deltakarar i demonstrasjonen eller berre tilfeldigvis var i området.
Etter presentasjonen kunne publikum stille spørsmål. Det var fleire gode og lange diskusjonar rundt politiets reaksjonar, manglande av dekning av saka i etterkant av borgarlege medier og den dårlege behandlinga dei arresterte fekk av politiet. Til slutt opna Bergen4Palestine opp diskusjon rundt det vidare arbeidet med solidaritet med dei 22 arresterte. Fleire deltakarar var engasjerte og motiverte til å delta i solidaritetsarbeidet, spesielt dersom dei 22 arresterte skulle verta bøtelagt.


Les meir om politiets represjon under landskamp her:
