Skriven av aktivistar i Bergen.
Aktivistar frå Kampkomiteen har delteke på fleire demonstrasjonar for Palestina i oktober. Demonstrasjonanene har vore på laurdagane 12., 19. og 26. oktober. Det har vore fleire titals personar til stede på de ulike demonstrasjonane. Hovudparolane til laurdags demonstrasjonane har vore «Stopp folkemordet mot Palestina!» og «Stopp angrepene mot Libanon». Appellane på demonstrasjonane har lagt hovudvekt på antiimperialisme og støtte til den palestinske motstandskampen. Mellom appellane har det blitt ropt kraftfulle slagord.
Den 27. oktober var Kampkomiteen tilslutta ein fredsmarsj, arrangert av Raudt, Palestinakomiteen, LO i Bergen og Omland og Bergen SV. Fleire titals organisasjonar hadde også tilslutta seg marsjen. Rundt 2000 menneske deltok i marsjen. På Torgallmenningen blei det halde fleire appellar og eit musikkinnslag. Deretter gjekk fredsmarsjen til Skansen Brannstasjon, der blei det ropt slagord entusiastisk i fleire seksjonar av toget. Ved Skansen Brannstasjon fortsette programmet vidare, og delar av toget gjekk vidare i retning Møllendal.