Solidaritetsmarkering for abortrettigheiter i Polen

Skrevet av aktivister i Trondheim.

Laurdag 31. oktober var det demonstrasjon i Trondheim mot innstrammingane av abortlovene i Polen. Retten til sjølvbestemt abort er alt fjerna, og med dei siste innskrenkingane blir abort umogleg. Appellantane, nokre knytt til parti og kvinneorganisasjonar, andre som snakka som privatpersonar fordømte regimet og dei katolske biskopane som feira dei nye lovene. Vidare blei det fortalt at over hundre tusenar har tatt til gatene i Warzawa. I tillegg har det vore demonstrasjonar og aksjonar i andre byar og landsbyar. Desse har blitt angripne av politi og høgreorienterte hooligans. Den reaksjonære lovgivinga blei også kopla til angrepa mot skeive, mellom anna arrestasjonen av aktivisten Marga i august.

Det blei også reist krav om at Noreg må bistå med skip i farvatnet utanfor polen slik at kvinner får tatt abort. Ein appellant vektla at dette vil ramme fattige kvinner hardast sidan dei blir naudt til å føreta risikable inngrep, medan dei med pengar vil kunne reise til andre EU- og EØS-land. Det blei også trekt parallellar til bombing av abortklinikkar i USA. Som med appellane blei det ropt slagord på norsk, polsk og engelsk. Blant anna «abort the polish government» og «min kropp, mitt val».

Doner til Kampkomiteen