17. mai skulle det vere demonstrasjon i Trondheim mot ny etterretningslov. Arrangørane hadde søkt om å ha denne på torget. Noko politi og grunneigar nekta. Det var ikkje berre staden dei hadde problem med, men arrangørane blei også nekta å ha demonstrasjon. I staden måtte dei gjere det om til ei feiring. Fokuset blei derfor på forsvar av enkelte grunnlovsparagrafar som rett til ytringsfriheit og forsamlingsfriheit. Aktivistar frå Kampkomiteen deltok på markeringa, for å protestere mot represjon og overvåking.
Før det heile tok til blei det utdelt løpesedler med informasjon om smittervern og om etterretningslova som vil gi E-tjenesta tilgang til privat digital kommunikasjon som samtalar, meldingar, snappar og kor dei som kommuniserar oppheld seg. Også kryptert kommunikasjon vil bli lagra på servarane deira. Markeringa byrja med ein appell i Ilaparken der fokuset var på at koronasituasjonen har blitt eit påskot for myndigheitene til å innføre meir overvåking, at 17. mai har blitt brukt til politisk kamp tidlegare. Til dømes under torgslaget i 1829 da studentar og andre som feira grunnlova blei angripen av kavaleriet. Det blei også nemnt at 17. mai er internasjonal dag mot homofobi, transfobi og bifobi. Derfor var det også regnbogeflagg blant deltakarane.
Deretter blei det ropt slagord og songe “Din tanke er fri” før toget gikk gjennom gater i bydelen, inn mot sentrum og til torget. I toget blei mellom anna “Internasjonalen” songe. På torget ble det holdt to nye appellar, der det i den eine også blei lagt vekt på at sist nokon blei nekta 17.maifeiring var under Quisling. Til sist blei “Til ungdommen” songe.
Raud Tid har skrive om aksjonen etter ein demonstrasjon 1. mai og forslaget til ny lov:
Forslag om ny E-lov tillèt masseovervaking