Skriven av aktivistar i Trondheim
Laurdag 10. august deltok Kampkomiteen på ei markering til støtte for folket i Gaza.
Markeringa på torget hadde eit kulturelt preg sidan Freedom Theatre frå Jenin var på besøk i Trondheim. Leiaren for teatergruppa var hovudappellant under ei markering som i tillegg innehald dikt og blei avslutta med dans kor fleire titals av dei frammøtte hivde seg med.
I appellane blei det da nylege angrepet mot eit skolebygg som kosta over 100 palestinarar livet trekt fram. Hovudappellanten var tydeleg på at Noreg burde trekke seg ut av militæralliansen NATO og legge ned våpenindustrien som er delaktige i folkemordet. Han sette pris på at det var palestinske flagg på markeringa men vektla at kampen til Palestinarane ikkje handlar om nasjonalisme men menneskeheita.