Markering til støtte for fattigbøndenes kamp i Brasil

Skrive av aktivistar frå Bergen

Laurdag 30. januar holdt aktvistar frå Kampkomiteen ei markering i Bergen til støtte for fattigbøndenes kamp i Brasil. Under markeringa blei det holdt ein appell og delt ut løpesetlar. Slagordet for markeringa var “Støtt fattigbøndenes kamp i Brasil.”

Fattigbøndene i Brasil her lenge kjempa for den grunnleggjande retten deira, at jorda tilhøyrer dei som arbeider på ho. I Brasil eig 8% av befolkninga 64% av jorda. 

Den brasilianske staten har gått til åtak på fattigbøndene med utkastelser, terror og drap. I haust har meir enn 300 familiar returnert til området ved Tiago dos Santos leiren i delstaten  Rondônia. Her har dei organisert seg saman i raude bodeleirar. 

Disse leirane tar i bruk og delar ut jord som dei rike godseigarane sit på. Parolen deira er «Mot krisa, ta all jorda tilbake frå latifundoen». Latifundioane er store private jordeigedomar, og det har lenge vore store kampar mellom godseigarar frå latifundioane og fattigbøndene i Brasil.

Den nye jordovertakinga har tiltrekt bønder frå fleire naboregionar. Kvar dag kjem det fleire og fleire familiar for å slå leir og for å kjempa for eit jordstykke der dei kan jobba og produsera. 

Det skjer i disse dagar ein kampanje drive fram av dei rike godseigarane i samarbeid med den gamle brasilianske staten om å forfølgje og kriminalisera Fattigbøndenes Forbund (Liga dos Camponeses Pobres, LCP) og bondeleirane som er organisert for å ta tilbake jorda frå godseigarane. 

Den gamle reaksjonære staten og regjeringa til Bolsonaro bryr seg ikkje om massene. Dei ignorerer dei grunnleggjande behova deira. Slik må det vera i imperialismen. Berre massene kan befri seg, beskytter sine interesser, beskytter sine eigne liv – så lenge dei organiserer seg, kjemper og gjer motstand. 

Fattigbøndenes rørsle og helsekomiteane politiserer, mobiliserer og organiserer massene, dei djupaste og breiaste massene, mot pandemi og krise. Dei viser vegen ut av den byråkratkapitalistiske og imperialistiske jammerdalen. Dei tar jorda tilbake. For detta blir dei drepne og kriminalisert. 

Me ynskjer å vise solidaritet med dei kjempande fattigbøndene i Brasil og spreia informasjon om kampen deira. Kjemp og gjer motstand!

Les meir om fattigbøndenes kamp:
Brasil: Bønder kjemper for jorda
Brasil: Solidaritet med kjempende kvinner og barn
Brasil: Bønder tar tilbake stjålet jord

Doner til Kampkomiteen