Trondheim: Støtteerklæring til Magnus de Besche


Skrevet av aktivistar i Trondheim


Kampkomiteen uttrykkjer si fulle støtte til kidnappa student Magnus de Besche!

Måndag 18. mai vart NTNU-studenten Magnus de Besche kidnappa av dei israelske
okkupasjonsstyrkane. Den dagen og i dagane som har følgd har resten av den største flotiljen som
nokon sinne har segla til Gaza òg vorte stoppa, og truleg er alle dei tapre aktivistane vorte kidnappa
i både internasjonalt og israelsk farvatn.

Dette er atter ei ugjerning utført av okkupasjonsmakta, samstundes som at det er piratverksemd, noko Tyrkia allereie har klandra Israel for.

Båten de Besche var på vart åtaka og mannskapen teke fange og sendt til eit israelsk fengsel. Vi veit
at forholda i fengsla i Israel er forferdelege, med tortur, valdtekt og trugslar som norm. Men vi har
allereie sett videoar som flaumar rundt på sosiale media av flotiljaaktivistar som blir slått og
audmjuka av okkupasjonssoldatar og av Israel sin tryggleiksminister sjølv, Itamar Ben-Gvir.
I lys av dette, så seier verken rektor eller leiarskapen ved NTNU noko. Dei tiar og i ei flause seier
dei håpar de Besche blir godt behandla. Det viser seg atter ein gong at rektor ved NTNU, Tor
Grande, ikkje bryr seg om helsa til studentane sine.

Magnus de Besche sin tapperskap og mot inspirerer oss til vidare og meir utvikla kamp mot
sioniststaten og imperialismen. I Trondheim vil det framover skje fleire aksjonar i støtte til de
Besche og flotiljaaktivistane. Vi oppfordrar alle med god vilje til å støtte desse aksjonane, spreie
ordet om israelsk piratverksemd og kidnappinga av Magnus de Besche!

Frigjer dei politiske fangane!
Frigjer flotiljaaktivistane!
Fritt Palestina!

Doner til Kampkomiteen