Ny SIAN-fiasko

Måndag 29. juni forsøkte SIAN seg på å hetse muslimar og progressive i Trondheim. På førehand forsøkte dei å få politiet til å hindre motdemonstrasjon etter som tidlegare forsøk på markeringar både i Trondheim og andre stader har endt med at dei har måtte bryte undervegs. Slik blei det no også, berre at det gikk raskare denne gongen enn sist dei forsøkte seg i Trøndelag.

Denne gongen hadde fascistane fått løyve til å bruke Torget. Politiet hadde laga ei innhegning med doble franskgjerde og eit bur i pleksiglas. Det siste valde SIAN ikkje å nytte. Alt før markeringa byrja fikk dei merke at svært mange i Trondheim ikkje ønska hetsinga deira velkommen. Omtrent med det same Thorsen kom til syne hoppa nokon over gjerdet og spraya han, og stakk frå staden. Dette fikk applaus frå mange som hadde samla seg rundt. Alt før SIAN hadde rigga “standen” ferdig byrja taktfaste rop av “ingen rasistar i våre gater”, “dra heim” og “heile Trondheim hatar SIAN”. 

I tillegg blei det før og under talen spelt musikk (opphavsrettbeskytta for å gjere det vanskelegare for fascistane å få film liggande på youtube.), i tillegg blei det brukt megafon med sirenelyd for å overdøve hetsen og mange rista også i gjerdene. Med det same Thorsen tok til å vise til Koranen for å “prove” at muslimar er umenneske, og kalle Islam møkk blei det kasta brød og fisk for å tiltrekke måker. Thorsen fikk også, som på Mortensrud, egg kasta på seg. Etter ein drøy halvtime med hets av muslimar og klaging over at ein ikkje får trakasere i fred, klarte nokre å demontere sperringane.

Politiet valde då å stille seg opp med skjold og hjelm for å beskytte SIAN, og blei møtt med egg og slagord som “A-C-A-B” og “vi hugsar Obiora”. Deretter blei fascistane eskortert vekk medan nokre av dei som gjekk gjennom sperringane øydela SIAN sin høgtalar og anna materiell. Det blei kasta fleire stolar mot politiet, som hadde hadde klynga seg saman bak skjolda sine, og eit vindu på politibilen blei knust.  Det gjekk også med nokre ruter på ei bygning ved sida av der SIAN hadde blitt plassert.

SIAN skal holde ei rekke torgmøte rundt om i landet: 

Doner til Kampkomiteen