Bergen: Markering for ytringsfridom og retten til å demonstrere

Skriven av aktivistar i Bergen.

Den 2. februar deltok aktivistar på ein markering organisert av Scientist Rebellion og FOLK MOT FOSSILMAKTA på den Blå Steinen. Markeringa var til støtte til Vebjørn Bjelland Berg som stilte i retten same dag. I fjor gjennomførte han ein 41 dagars protest-faste på Eidsvolls plass i Oslo for naudsyntheita til at regjeringen må lage ein plan for utfasinga av olje. 

Scientist Rebellion la fram i sin appell at politiet har gitt Vebjørn 30 000kr i bot for at han ikkje gjekk med på å verta bortvist eller pålegg om å fjerne teltet sitt. Dei heldt fram med at politiet hevda at han var “til hinder for andres ytring”, sjølv om teltet hans låg til sida av sjølve plassen og ikkje blokkerte tilgang på nokon måte. Scientist Rebellion avslutta appelen med legge fram viktigheita av å forene ulike kamper og at å forsvare retten til å demonstrere er ein felles kamp.

MDG og Kampkomiteen holdt også appell. MDG la vekt på hykleriet i at demonstrantar og aktivistar får uproporsjonelle bøter, mens selskap som forurensar og øydelegg miljøet kjem unna kostnadsfritt. Kampkomiteen la i appellen sin vekt på politiets og PSTs forfølging av de 3 palestinaaktivistane som ropte slagord og stilte legitime spørsmål til Frp-politikar Sylvi Listhaug, og politiet sine angrep på ein demonstrasjon under landskampen Noreg-Israel den 11. okt og den urettmessige arresterasjonen av 22 palestinaaktivistar.

Kampkomiteen avslutta appellen sin med å legge vekt på at vårt viktigaste våpen mot den aukande repressjonen i dag, er eining og solidaritet.

Redaksjonen beklagar på det sterkaste at denne saka ikkje har vorten lagt ut på sida før.

Les meir:

Doner til Kampkomiteen